Kystkulturlosen Forside  Ta kontakt  Nettstedkart  www.kysten.no
 
 

Svanhild

Svanhild

Svanhild vart bygd som Hardanger-jakt i Stangvik på Nordmøre i 1889. Båten er 76 fot lang og 21 fot brei. Skuta gjekk i fraktefart, hovudsakleg med fisk og salt mellom Kristiansund og Lofoten.
Kring 1925 vart ho rigga om til galeas, og fekk to master. På midten av 30-talet vart det installert motor i Svanhild og den store riggen vart teken vekk.

Svanhild heldt fram å gå i fraktefart langs kysten heilt til 1976. I 1983 kjøpte Oddbjørn Hovland og Berit Kjeldsberg i Florø seglbåten, og året etter vart det danna eit lutlag med fleire eigarar frå kystbyen. Etter to år med restaurering og rigging, drog  Svanhild på ei tre år lang reise jorda rundt.
Etter heimkomsten i 1988 gjekk eit par år med nokre leigeoppdrag, mellom anna til København og til Vågsberget for filminnspeling av Hamsuns "Landstrykere;".; I 1995 vart Stiftinga Svanhild oppretta og dei gamle eigarane overførte vederlagsfritt sine lutar til Stiftinga Svanhild. Samstundes vart Foreininga Svanhilds Venner oppretta. Ho har som mål å skape eit aktivt miljø for bevaring og bruk av Svanhild. Alle som vil kan bli medlem i Svanhilds venner.
Frå 1991 til 2001 har Svanhild gått gjennom ei omfattande restaurering. Det meste av båten vart skifta ut og oppattbygd ved Hardanger Fartøyvernsenter. Den nye riggen er laga i Florø. Restaureringsarbeidet er i hovudsak finansiert av Riksantikvaren, i tillegg til løyvingar frå Fylkeskulturkontoret, Sparebanken Florø-Bremanger og Florø Kommune.
Svanhild er i dag er eit av dei mest autentiske restaurerte fartya i Noreg.

 

Norsk makt og ære vart skapt på sjøen. Vi hadde den største handelsflåten i verda, og fisk er framleis den nest største eksportnæringa i landet. Det er viktig å vise kor vi kjem i frå. Svanhild er eit vitnesbyrd på det.”

Trond Strømgren

Deres hjemmesider er: www.svanhild.no

____________________________________________ 

Skrevet av Administrator 12.06.2002 kl. 13:48

Kystkulturlosen, Forbundet KYSTEN, Skur 28, Nordre Akershuskai, 0150 Oslo
Tlf 22 42 42 82, Fax: 22 41 53 15, forbundet@kysten.no

Støttet av norsk kulturfond
Utviklet av Electric Farm ASA