Kystkulturlosen Forside  Ta kontakt  Nettstedkart  www.kysten.no
 
 

Verneplan for fyr

Foto: Danckert Monrad Krohn

I 1995 la Riksantikvaren fram Nasjonal verneplan for fyrstasjonar i Noreg. I planen som vart utarbeidd i nært samarbeid med Kystdirektoratet, er 84 fyrstasjonar og 5 tåkeklokkeanlegg valgt ut for fredning etter kulturminnelova. Disse anlegga blir vurderte som ein fyrhistorisk grunnstamme i nasjonal samanheng.

 I 1997 vart verneplanen publisert i Riksantikvaren sin rapportserie. Rapporten "Norske; Fyr", som hadde både dei allmenne og dei maritime og antikvarisk styresmakter som målgruppe, har to hoveddeler: den første gir eit kort overblikk over den norske fyrhistoria og skildrer metodikk og arbeidsform brukt i verneplanen, den andre ein katalog over dei 89 utvalgte anlegga.

 Arbeidet med verneplanen vart igangsett på grunn av den automatiseringa og avfolkinga av fyrstasjonene som har pågått dei seinare åra . På dei ofte ekstremt verutsatte stasjonene gjekk forfallet raskt utan ei fast bemanning som førte dagleg tilsyn og jevnlig vedlikehald. Ein viktig del av kystkulturen i landet sto i fare for å bli utsletta samtidig som kystkultur ble ført opp som eit offentlig satsningsområde.

Der er mulig å bestille rapporten hos Riksantikvaren.

__________________________________________

Skrevet av Forbundet KYSTEN 31.10.2002 kl. 09:35

Kystkulturlosen, Forbundet KYSTEN, Skur 28, Nordre Akershuskai, 0150 Oslo
Tlf 22 42 42 82, Fax: 22 41 53 15, forbundet@kysten.no

Støttet av norsk kulturfond
Utviklet av Electric Farm ASA