Kystkulturlosen Forside  Ta kontakt  Nettstedkart  www.kysten.no
 
 

"Alpha"-motoren som overlevde fire fartøy

 Artikkel fra tidsskriftet KYSTEN, nr. 4 – 1982

 Firetakter fra 1911

 Av Asbjørn Windstad

 Makaniseringa og framfor alt motoriseringa av fiskeflåten nådde våre breiddegrader i 1890-åra. Dei første – fullstendig mislykka – forsøka med petroliumsmotorer i fiskebåtar fann stad på Mørekysten i 1893. Dei aller første pionerane var framsynte og tiltaksame fiskarar, men dei laut kaste ut ”vidundermaskina” og ta årane fatt etter eit halvt års tid med slit og økonomisk ruin.

Dei tre første, alle frå Sandøy i Romsdal, betalte 7000 kroner for ein Priestmann-motor på 10 hk i |893. Sommaren 1894 vart motoren teken tilbake av agenten for 300,-. Det var bromprisen den gong. Utanom slit og møye hadde forsøket kosta så mykje at kvar av dei tre kunne bygd sin eigen heim. Rundt 1900 kom så dei første brukbare båtmotorane til landet, dei fleste frå Danmark. Det var grovbygde og tunge 4-taktsmotorar, og desse har vist seg å vere utruleg slitesterke og seigliva.

Motoren på illustrasjonen er eit førsteklasses døme på kvalitet og slitestyrke hos dei første 4-taktsmotorane. Denne ”Alpha” frå 1911 har om ikkje slite ut, så i alle fall overlevd fire forskjellige fiskefartøy. Det var før 1940. Siden det har denne danske 6 hk firetaktsmotoren drive gardssaga på Elnes i Fræna. Og eigaren, Tønnes Elnes, har ingen grunn til å klage på yteemne eller forbruk av olje.

 Produsert i Fredrikshavn
”Alpha” vart produsert av brørne Honmøller, A/S Fredrikshavns Jernstøberi og Maskinfabrikk og marknadsført av firmaet A. Gulowsen A/S, Kristiania. Allereie i 1906 hadde Gulowsen seld 199 ”Alpha”- motorar her i landet. Ein av dei vart montert i ”7. juni”, ei kjend fangstskute tilhøyrande konsul Robertsen i Hammerfest.

4 fartøy
Sagmotoren til Tønnes Elnes vart kjøpt ny til ein eldre båt av brørne Johan A. Anton og Konrad Vågen i fiskeværet Bud, Romsdal, i 1911. ”Alpha”- motoren hadde då veivstart på mellomaksel og kjedeoverføring til hovedaksel. Båten, som bar navnet ”Hurra”, forliste på husstadvika, men motoren vart berga og sett inn i neste båt til familien Vågen, ”Grei”.

Neste montering for den robuste slitaren var ”Viggo” av Fræna, og rundt 1940 hamna firetaktaren i ein landnotbåt i elnesvågen. Så kjøpte Tønnes og Ingebrigt Elnes vidunderet i 1942 til å drive gardssaga, noko motoren trufast har gjort og fremleis gjør på ein framifrå måte. Ingebrigt, litt av ein mekanisk tusenkunstnar, ordna nytt startsystem med nabb i svinghjulet og bytte ut det opprinnelege smøreapparatet av veiktypen med eit trykkoljeapparat.

Ellers er motoren i opprinneleg stand og ikkje tært av ”tidens tann”. Og at motoren har krafta i behold fekk vi sanne då Tønnes til ære for KYSTEN glødde toppen med luft frå ei 7-punds flaske og vippa firetaktaren i gang. På første forsøk!

Ein hyllest
Og la oss avslutte denne hyllesten til dei robuste slitarane frå dei første 10-åra av vårt hundreår, ved å ta med ei liste over motorar fabrikkert i Romsdal på denne tida (lista er ikkje fullstendig):

 

Navn på motoren:

Produsert av:

Bjørnsund (Kamp og Strid)

T. Tande, Nordre Bjørnsund

Akselvold

K. Akselvold, Midsund

Klauset

Klauset, Midsund

Bang

Jens Bang, Molde

Brunvoll

Br. Brunvold, Molde

Dahl

F. Dahl, Molde

Gideon

R. Kramper og Jørgensen, Molde

Romsdal

Chr. Stenså, Molde

Finnøy

N. N. Finnøy, Finnøy i Romsdalen

Heimdal

Heimdal motorfabrikk, Molde

Helset

Helset motorfabrikk, Molde

Herros

Engstrup, Molde

Konkurrent

Bolsønes verft, Molde

Raknem

J. Raknem, Voll

Scandia (Lyskil)

T. Tande, Nordre Bjørnsund

 Kilder:
E. Thorsvik: Mekanisering av fiskarflåten, 1972.
Trygve Tande, Molde
Tønnes. Elnes, Fræna

______________________________________ 

 

Skrevet av Forbundet KYSTEN 31.10.2002 kl. 09:27

Kystkulturlosen, Forbundet KYSTEN, Skur 28, Nordre Akershuskai, 0150 Oslo
Tlf 22 42 42 82, Fax: 22 41 53 15, forbundet@kysten.no

Støttet av norsk kulturfond
Utviklet av Electric Farm ASA